Lover for Voss kunstlag

Vedteke på skipingsmøte 06. februar 1952
revidert 06. desember 1979
08. februar 1996
14. februar 2011

§ 1: Laget skal vekkja sans for, gje kunnskap om og skapa interesse for all god kunst i form og farge. Laget skal stø, fremja og arbeida for ålmenn kunst og vera med å reisa eit ”Voss Biletgalleri”

§2: Årsmøtet skal haldast så snart det høver praktisk etter årsskiftet, seinast i februar. Årsmøtesaker skal
leggjast ut på Voss Kunstlag si heimeside seinast 14 dagar før møtedato. Årsmelding skal leggjast ut på
heimesida seinast ei veke før årsmøtet. Møtet skal vera utlyst ei veke på førehand i lokalavisa på staden.

§3: På årsmøtet skal det kvart år veljast:
Leiar
Tre/to styremedlemmer
To varamedlemmer
To revisorar
Utstillingsnemnd på 3 medlemmer

To representantar og to vararepresentantar til Stiftinga Bergsliminne vert valde på årsmøtet etter innstilling frå valnemnda. Funksjonstid: 4 år.

Valnemnda i årsmøtet kjem med framlegg om nytt medlem i valnemnda komande år.

Tre/to styremedlemmer står på val kvart anna år
Røysterett har dei som har vore medlemmer i Voss Kunstlag i tre månader eller meir.
Røysting berre ved personleg frammøte.
Alle vedtak i laget vert gjort ved simpelt fleirtal, med unnatak av det som er nemnt i §8 og §10.
Ved likt røystetal nyttar leiaren si dobbeltrøyst.

Styremedlem må gi skriftleg melding til leiar i valnemnda 1 månad før årsmøtet om han/ho ikkje ynskjer attval.

§4: Styret i laget, som er underlagt årsmøtet, tel seks personar som er valde mellom medlemmene.
Styret vel seg imellom nestleiar, skrivar og økonomiansvarleg
Styret er vedtaksført når tre medlemmer møter.

§5: Årsmøtet fastset medlemspengar etter framlegg frå styret. Medlemskapet gjeld og som nummer ved ei
årleg utlodding av eit kunstverk som styret kjøper inn.

§6: Rekneskapsåret skal fylgja kalenderåret. Revidert rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet kvart år.

§7: Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn av styret eller når minst 15 lagsmedlemmer set fram skriftleg krav om det. Det skal gjerast kjent og leiast på same måte som eit vanleg årsmøte.

§8: Endring av desse lovene krev 2/3 fleirtal for å verta vedtekne. Framlegg til endring må leggjast fram to veker før
årsmøtet etter å ha vorte vedteke av styret.

§9: Lagsmøte og utstillingar vert haldne når styret finn det høveleg.

§10: Årsmøtet kan vedta å løysa opp laget. Framlegg om det kan koma frå styret eller minst 15 medlemmer. Framlegg
må koma minst to månader før årsmøtet vert halde. Styret må gje skriftleg melding om det til medlemmene og
lysa det ut i lokalavisa 1 månad før årsmøtet. Skal eit slikt vedtak om å løysa laget opp verta bindande, må minst
¼ av medlemmene vera til stades på årsmøtet og ¾ av røystene for oppløysing, - eller vedtaket må takast oppatt
på nytt ekstraordinært årsmøte med simpelt fleirtal.

Vert laget løyst opp, skal lagseiga gå til ein institusjon eller eit lag, som årsmøtet godkjenner, og som vil arbeida etter same føremål som Voss Kunstlag, eller eiga kan setjast av til eit fond for eit ”Voss Biletgalleri”.