Stiftinga Bergsliminne

Testbilde. Foto: Test
Den mytiske Fossegrimen sørgar over fossen som er lagt i røyr. Maleri av Nils Bergslien (1853-1928). Frå samlinga til Tyssedal Hotell.
Den mytiske Fossegrimen sørgar over fossen som er lagt i røyr. Maleri av Nils Bergslien (1853-1928). Frå samlinga til Tyssedal Hotell.

Stiftinga Bergsliminne er ei offentleg stifting som vart skipa i 2001 av Voss Kommune, Voss Folkemuseum, Stiftelsen Dagestadmuseet, Voss Kunstlag, Voss Sogelag og Voss Ungdomslag.

Stiftinga har til føremål å ta vare på Bergslitræet i Voss, og å utvikla eit dokumentasjonssenter for dei tre Bergsli-kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils og andre kunstnarar med tilknyting til Voss.

På Bergslitræet står framleis huset som brørne Knud og Brynjulf Bergslien rundt 1860 fekk bygd til faren, Lars, i staden for den gamle husmannstova hans, som då var til nedfalls.

Bergslihuset ligg som ei perle i naturområdet Prestegardsmoen og vitnar om blømingstida for nasjonalromantikken i norsk kunst. Huset var dekorert utvendes og hadde innvendig dei gildaste tapetane, som berre var å finna i borgarhus i Kristiania på den tida.

Ei slik"husmannsstova" har knapt nok vore bygd i landet kørkje før eller sidan. Her budde Bergsli-folket heilt til Lars Bergslien døydde i 1880-åra i høg alder.
Huset er sidan påbygd og omvølt, og nå tilrettelagt som utstillingslokale for Bergsliminne.