«Det stille, tilbakevendande» av Koppen, Norddahl og Blom Andersskog, 29.08. – 03.10.26.

Hjarteleg velkomen til utstillingsopning laurdag 29.august i Voss kulturhus.
kl. 13.00: Opning
Kl. 14.00: Performance med PAB Open Session
Opningstider i perioden:
Torsdagar kl.16 – 18
Fredagar kl. 14 – 16
Laurdag kl. 11 -14
Utstillinga Det stille, tilbakevendande samlar tre kunstnarskap som arbeider i skjæringspunktet mellom performance, skulptur og materialbasert kunst. Med kroppen som reiskap og materiale som medforteljar, vert tid synleg. Materiale vert flytta, omforma, brote ned og sett saman att.
Verka strekkjer seg frå det taktile og sårbare til det åndelige og poetiske, og er ei utforsking av det som fins mellom det som varer og det som forsvinn. Tekstil, blåskjel, papir, lyd og kropp er medspelarar i prosessar der transformasjon er den viktigaste drivkrafta. Utstillinga opnar for ei sansing av materiale som noko meir enn ein ressurs, som noko vi lever med, påverkar og sjølve blir forma av.
Performance er ein sentral del av prosjektet. På opningsdagen vert utstillinga aktivert gjennom eit samarbeid med PAB Open Session, eit initiativ frå Performance Art Bergen. Frå kl. 14.00 vil dei tre kunstnarane, saman med inviterte kunstnarar frå PAB, gjennomføre performancar utanfor Voss Kulturhus, som utvidar samtalen om kropp, materialitet og endring.
Utstillinga er den tredje i eit fleirårig samarbeid mellom Henrik Koppen, Mari Norddahl og Ingeborg Blom Andersskog. Serien starta med Det langsame, morknande hjå Galleri Christinegaard i Bergen (2024), heldt fram med Det evige, omskiftande hjå Skiens Kunstforening (2025), og blir no avslutta med Det stille, tilbakevendande hjå Voss Kunstlag. Til utstillingane har dei utvikla nye verk og vidareført ein kunstnarleg dialog om materiale, kropp og tid. Kvart møte har vore ei vidareføring av det førre, der ideane får endre seg, vekse og finne nye samanhengar.
Om kunstnarane
Henrik Koppen arbeider med performance, skulptur, installasjon og lyd. Han kombinerer element frå religion, mytologi, historie og naturvitskap, og isceneset poetiske og sanslege møte med materialitet. I prosjektet undersøker han mennesket som sankar, transformator og konsument av ressursar, samt alkymi og det menneskelege behovet for mirakel frå eit skeivt perspektiv.
Mari Norddahl arbeider med mjuke tekstilobjekt gjennom skulptur, performance og installasjon. Arbeida hennar utforskar spenninga mellom skulpturens autonomi og menneskets makt over den materielle verda. I dette prosjektet arbeider ho med lappeteknikk som kombinerer utslitne og nye material i tilsynelatande like fargar, og utforskar reparasjon som ein metafor for omsorg,
Ingeborg Blom Andersskog arbeider med teikning, installasjon, performance og tekst. Ho utforskar uttrykk som beveger seg mellom det to- og tredimensjonale, og korleis kroppen kan inngå i verket. Steinen er en gjengangar i arbeida hennar. Den symboliserer ein annan tid og rørsle enn vår eigen. Gjennom sine arbeidsprosessar testar ho ut ulike måtar å forholde seg til omgrepet tid.
