Medlemsutstillinga 2026

VIL DU VERA MED PÅ UTSTILLING?
SIRKULASJON
Arrangør Voss kunstlag
Utstillingsperiode: medio juni – medio august 2026
Stad: Voss kulturhus, utstillingsrommet
Søknadsfrist: 15. april 2026
Kunst som set tankane i rørsle
Voss kunstlag inviterer sine medlemmar til å søkje deltaking i sommarens medlemsutstilling 2026. Alle kan bli medlemmar!
Årets tema er Sirkulasjon – eit tema som tek utgangspunkt i rørsle, endring og samanhengar.
Klimaendringane er ikkje lenger noko fjernt.
Vi har opplevd flaum i Voss sentrum,
mildare vintrar,
og smeltande isbrear som stille forsvinn frå landskapet vårt.
Kva er sirkulasjon i vår tid?
Er det naturlege prosessar vi må akseptere –
eller konsekvensar av menneskelege handlingar?
Kan kunsten bidra til refleksjon, motstand eller nye perspektiv?
Gjennom denne utstillinga ønskjer vi å samle kunst som undersøker, utfordrar og set spørsmåla på spiss.
Her er det rom for både det poetiske, det politiske, det personlege og det eksperimentelle.
Kven kan søkje
For å delta må du vere medlem i Voss kunstlag.
Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn – Medlemskontingent i år er 100,- per enkeltperson og 200,- for familie
Kontonummer for innbetaling:
9581.11.58268 Ver vennleg å merka innlegget med:
– namna på dei som skal vera medlem
– telefonnummer me kan nå deg på
slik at me får lagt til all informasjon me treng i våre medlemsregistera.
Søknadskriterium
- Utstillinga er open for alle kunstuttrykk og teknikkar.
- Verka må vere ferdig produserte
- Kvar deltakar får stille ut 1–3 verk
- Antatt verk må leverast monteringsklare til Voss kulturhus til avtalt tid
- Alle deltakarar må sitje vakt minst 2 gonger under utstillingsperioden.
Søknaden skal innehalde
Søknaden skal sendast som éin samla PDF-fil, merka med søkjaren sitt namn.
PDF-fila skal innehalde både personopplysningar og visuelt materiale
- CV – navnet ditt, telefon, epost, (utstillingsoversikt for deg som vil vise det farm)
- Beskrivelse av kunstverket ditt, størrelse, material og produksjonsåret
- Inntil 2 bilete av kvar verka
- Maks 500 kb per bilete
- Opplys om tittel, teknikk og mål for kvart verk
Formelle krav
- Søknaden må sendast samla i éin PDF fil – lag en Word dokument kor du samlar både tekst og bilete. Konverter det til PDF før sending. Legg ved som vedlegg til e-posten.
- post@vosskunstlag.no
- Innsendt biletmateriale kan nyttast i plakat og promotering av utstillinga utan ytterlegare honorar eller varsling
- Antatt verk kan ikkje ha vore viste på Voss kulturhus tidlegare
- Antatt verk kan ikkje fjernast før endt utstilling
