Gro Gillesen «Tornerose». Gjestekunstnar: Lars Elling

Hjarteleg velkomne til opning av utstillinga torsdag 15.januar i Voss kulturhus kl.18.
Musikalsk innslag
Forfriskningar
Gratis inngang

Utstillinga har fylgjande opningstider i perioden:
Torsdagar kl. 16 – 18
Fredagar kl. 14 – 16
Laurdagar kl. 11 – 16

Dette er ikkje ei salgsutstilling.

Om utstillinga:

Gro Gillesen stiller ut utstillinga «Tornerose» – ein syklus på i alt 5 verk.
Dei tar utgangspunkt i negativer frå byrjinga av 1900 – talet, då hennar bestemor Amalia hadde sitt virke som fotograf.

Med seg på utstillinga har ho gjestekunstnar Lars Elling, som stiller ut sitt eige maleri av far sin som låg på dødsleiet.

I tillegg har me vore så heldige å få Kjell Herheim/Voss folkemuseum med oss på utstillinga. Dei har bidratt med å låna ut bilete frå post mortem fotografi og gravferd frå Voss. Desse bileta er trygt opp i større format av Voss kunstlag, og er ein del av utstillinga.

Kunstnaren Gro Gillesen fortel fylgjande om si utstilling:
Tornerose er resultatet av oppgåva ho gav meg før ho døde. Ho sa: «Når du er moden for det, Gro, finn glassplatane av dei døde og gjenskap dem til ditt eget uttrykk i form og sanselighet.

I lang tid kjentes oppgåva som ei byrde. No ville Amalia ha sagt at eg er i havn. Og eg takkar ho. Eg er ikkje lenger redd for døden – berre for ondskap, likegyldigheit og dovenskap.

Bilda foreligg i kun eit eksemplar kvar for seg.

Post mortem – fotografering var ein eigen sjanger som fotografar også måtte beherske. Her fotograferte ein menneske som nyleg var gått av med døden, og som skulle fungere som eit minne og halda den kjære avdøde nært for dei som satt igjen.