Imad Alwahibi «Where is you go?»

6. – 22.oktober 2022

Voss kunstlag ynskjer alle hjarteleg velkomne til utstillinga «Where is you go?» av Imad Alwahibi.

Utstillinga finn stad i utstillingsrommet i kjellaren på Voss kulturhus 6.oktober til 22.oktober 2022.

Hjarteleg velkomne til opning 6.oktober kl. 18.00 i Voss kulturhus.
– Musikalsk innslag
– Forfriskningar.
– Gratis tilgjenge.

Utstillinga vil ha fylgjande opningstider i perioden:
Torsdagar frå kl. 16 – 18.
Fredagar kl. 13 – 16.
Laurdagar kl. 11 – 14.


Om kunstnaren:
Imad Alwahibi, f.1985, er ein palestinsk – syrisk – norsk kunstnar. Han vaks opp i Palestina, har budd bde i Syria og Russland før han kom til Noreg i 2017. Faren var kunstnar, og Alwahibi er utdanna illustratør og animatør. Tida som papirlaus på asylmottak gjorde noko med han, og det ber også kunsten hans preg av. Han elskar å teikna, og med ein skarp penn formidlar han tydelege meldingar gjennom teikningar og animasjonsfilmar. Utstillinga ber preg av hans personlege reise, med eit budskap som er både seriøst og humoristisk, litt politisk og litt absurd, men alltid vakkert og velbalansert.

Med utstillinga si ynskjer han at folk skal tvinga seg sjølv til å tenkja over haldningar og sanningar som sjeldan utfordrast. Det er utanforskap og urettferd som gir kunstnaren skapartrang. Utstillinga handlar om «dei andre» og menneske som ikkje har rettar som papirlause, og gjer folk rettslause. Ei tankevekkjande utstilling.