Ingerid Jordal «She Hunts»

Hjarteleg velkommen til utstillinga «She Hunts» av Ingerid Jordal.

«She Hunts» er eit fotoprosjekt som dokumenterar kvinnelege jegarar i Noreg. Utstillinga tar opp tema som kjønnsroller, naturbruk og våpenkultur, og kven som er representert i utmarka. Er det sånn at «menn jaktar, og kvinner plukkar bær»?

Ingrid Jordal har fulgt kvinner på jakt sidan 2017. Kvinnelege jegarar mellom 20 og 91 år, har tatt ho med på jakt etter elg i Øst-Finnmark, hjort i vestlandsliene, rådyr i aust og rein på Hardangervidda. «She Hunts» er ein dokumentarisk utforsking av jaktkultur, kjønnsroller og representasjon i norsk utmark, og slår fast at det er liv og død det handlar om. Kontrasten mellom den som skal gi liv og som samtidig tar liv, har vore ledetråden i prosjektet. Jordal viser til at jaktkulturen er over alt, men at den mange stadar er «mannleg». Tradisjonen har i stor grad gått frå far til son, ein tradisjon som står ekstra sterkt i bygdene.

Jordal er fødd i Odda i 1982, busett på Voss, og er sjølvstendig fotograf og skribent. I eigne prosjekt arbeider ho i skjeringspunktet mellom kunst og dokumentar, og denne utstillinga utgjerast av sterke portrett av jegerar – alle kvinner.

Opning 14.januar kl.18 i Voss kulturhus, Kultursalen.

NB! Munnbindpåbud både i Kultursal og i utstillingsrommet!

Opningstale ved Ingvild Aurdal.

Komponist Inger-Kristine Riber og songar Reidun Horvei står for musikalsk innslag på opninga, eit spesialskrive verk for anledninga.

Grunna covid-19 kan det koma restriksjonar, informasjon vil bli gitt på Voss kunstlag si Facebook-side ved endringar.

Utstillinga står fram til 12.februar.