Trine Hovden : Skiftninger

Voss kunstlag ynskjer alle velkomne til kunstutstillinga Skiftninger av Trine Hovden!

I Trine Hovden sitt kunstnarskap vik grensene mellom skulptur og biletkunst og i Skiftninger legg ho vekk fotografiet som har prega mykje av hennar tidlegare arbeid og rettar lupa mot keramikken og silketrykk sitt måleriske potensial på nye måtar gjennom ein serie tavler og sylinderforma krukker.

Overflata er bygd opp lag på lag og verka inviterer blikket til å studera dei måleriske, grafiske og taktile kvalitetane deira. Som flod og fjøre har handa lagt pigmenta til og vaska dei bort. Komplekse byggjeprosessar, langsame endringar og overgangar frå ein tilstand til ein annan har danna motiv av abstrahert natur, bygd opp og broten ned av tida sin formgjevande gang. Hovden vil òg visa nokre verk laga dei siste 4-5 åra. 

Trine Hovden er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen med hovudfag i keramikk. I 2017 mottok ho staten sitt tiårige arbeidsstipend for etablerte kunstnere. Dei siste åra har ho mellom anna arbeida med triologien «Collision» saman med Heidi Bjørgan, vist i Sogn og Fjordane kunstmuseum, Oppland kunstsenter og kunstbanken Hamar. I tillegg til fleire gruppeutstillinger i Norge og utlandet har ho hatt separatutstilling ved KRAFT, Haugesund kunstforening, Kunstmuseet Nordtrøndelag og Kunstnerforbundet. I 2011 mottok ho The Silver Prize på Gyeonggi International Ceramic Biennale i Korea. Ho er innkjøpt av fleire norske museum og samlingar, blant andre Kode, Nasjonalmuseet, Sogn og Fjordane kunstmuseum og Nordenfjeldske kunstindustri museum.

Hjarteleg velkomne til opning 19. januar kl. 18.00 i Voss kulturhus med musikalsk innslag og forfriskingar. Gratis inngang.

Skiftninger vil ha fylgjande opningstider i perioden 19. januar – 17. februar 2024 :

Torsdagar kl. 16 – 18
Fredagar kl. 13 – 17
Laurdagar kl. 10 – 14


📸 Tobias Kvenseth Johnsen