Vossa Jazz-utstillinga 2021 – ITPD

Velkomen til opning av Vossa Jazz-utstillinga 2021, fredag 24. september kl. 16.30 i Utstillingsrommet, Voss kulturhus.


Dagleg leiar i Norsk Jazzforum, Gry Bråtømyr opnar utstillinga.

Tilskipinga er gratis, men hugs at du må ta ut billett! Det er avgrensa kapasitet. Billett finn du her: https://vossajazz.ticketco.events/no/nb/e/vossa_jazz_september_2021
Musikalsk innslag.
Forfriskingar.

Vossa Jazz-kunstnaren 2021 er gatekunstnaren ITPD!
ITPD er ein bergensbasert kunstnar med bakgrunn som fotograf og teiknar. Fleire av verka hans kan sjåast på veggar i Bergen og Fyllingsdalen. Den anonyme gatekunstnaren er inspirert av legender som AFK og DOLK, og han reknar seg sjølv som ein «old school-kunstnar», med sjablong og spray som viktigaste verktøy. Fleire av verka hans er prega av eit sterkt politisk medvit og velutvikla formkjensle.
Dette er fyrste gong me har ein gatekunstnar som festivalkunstnar, og utstillinga 2021 vil verta presentert både utandørs på Vangen og inne i utstillingsrommet på Voss Kulturhus.
Verket som prydar Vossa Jazz-plakaten 2021 er ein hyllest til Per Jørgensen. Heilt sidan tenåra har festivalkunstnaren vore opptatt av den norske trompetisten sitt fantastiske lydrike og spesielt den musikalske galskapen Jørgensen bidreg med i trioen Jøkleba. Originalen av årets plakat kan du sjå i parkeringshuset Vossapark på Voss.

Opningstider:
Fredag 24.09: 16.30 – 20
Laurdag 25.09: 11 – 15
Sundag 26.09: 12 – 15

Resten av utstillingsperioden:
Torsdagar: 16 – 18
Fredagar: 13 – 16
Laurdagar: 11 – 14

Utstillinga står til laurdag 16.10.21.