Medlemsutstillinga 2026

VIL DU VERA MED PÅ UTSTILLING?

SIRKULASJON

Arrangør Voss kunstlag

Utstillingsperiode: medio juni – medio august 2026
Stad: Voss kulturhus, utstillingsrommet

Søknadsfrist: 15. april 2026


Kunst som set tankane i rørsle

Voss kunstlag inviterer sine medlemmar til å søkje deltaking i sommarens medlemsutstilling 2026. Alle kan bli medlemmar!


Årets tema er Sirkulasjon – eit tema som tek utgangspunkt i rørsle, endring og samanhengar.

Klimaendringane er ikkje lenger noko fjernt.
Vi har opplevd flaum i Voss sentrum,
mildare vintrar,
og smeltande isbrear som stille forsvinn frå landskapet vårt.

Kva er sirkulasjon i vår tid?
Er det naturlege prosessar vi må akseptere –
eller konsekvensar av menneskelege handlingar?
Kan kunsten bidra til refleksjon, motstand eller nye perspektiv?

Gjennom denne utstillinga ønskjer vi å samle kunst som undersøker, utfordrar og set spørsmåla på spiss.
Her er det rom for både det poetiske, det politiske, det personlege og det eksperimentelle.


Kven kan søkje

For å delta må du vere medlem i Voss kunstlag.
Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn – Medlemskontingent i år er 100,- per enkeltperson og 200,- for familie

Kontonummer for innbetaling:
9581.11.58268    Ver vennleg å merka innlegget med:
– namna på dei som skal vera medlem
– telefonnummer me kan nå deg på

slik at me får lagt til all informasjon me treng i våre medlemsregistera.


Søknadskriterium

  • Utstillinga er open for alle kunstuttrykk og teknikkar.
  • Verka må vere ferdig produserte
  • Kvar deltakar får stille ut 1–3 verk
  • Antatt verk må leverast monteringsklare til Voss kulturhus til avtalt tid
  • Alle deltakarar må sitje vakt minst 2 gonger under utstillingsperioden.   

Søknaden skal innehalde

Søknaden skal sendast som éin samla PDF-fil, merka med søkjaren sitt namn.

PDF-fila skal innehalde både personopplysningar og visuelt materiale

  1. CV – navnet ditt, telefon, epost, (utstillingsoversikt for deg som vil vise det farm)
  2. Beskrivelse av kunstverket ditt, størrelse, material og produksjonsåret
  3. Inntil 2 bilete av kvar verka
    • Maks 500 kb per bilete
    • Opplys om tittel, teknikk og mål for kvart verk

Formelle krav

  • Søknaden må sendast samla i éin PDF fil – lag en Word dokument kor du samlar både tekst og bilete. Konverter det til PDF før sending. Legg ved som vedlegg til e-posten.
  •  post@vosskunstlag.no
  • Innsendt biletmateriale kan nyttast i plakat og promotering av utstillinga utan ytterlegare honorar eller varsling
  • Antatt verk kan ikkje ha vore viste på Voss kulturhus tidlegare
  • Antatt verk kan ikkje fjernast før endt utstilling