Osafestivalkunstar 2024

Voss Kunstlag har gleda av å annonsera at Thomas Iversen er osafestivalkunstnar 2024! Han kjem med utstillinga «Byens flass» i Voss kulturhus. Velkomen til utstillingsopning torsdag 24. oktober!

Thomas Iversen (f.1985) er biletkunstnar og kunsthandverkar og har master i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo i 2019. Iversen jobbar med materiale som på ulike måtar har tilknyting til stad og som fortel historier som kastar ljos over ulike aspekt ved det samfunnet vi lever i. Dei siste åra har pigment med stadsspesifikk tilknyting og bergverkshistorie med materiell tilknyting til keramikk stått sentralt i forteljingane hans. På denne måten utforskar han det urbane landskapet og naturen for å danna eit bilete av korleis verda er i konstant rørsle.

– I «Byens flass» utforskar eg det urbane landskapet på jakt etter bitar som har falle av bygningar, institusjonar og infrastruktur som kjelde til pigment. Bitane eg finn, knuser eg til pigment, blandar med olje og bindemiddel til eg har stadsspesifikke trykksverter som eg bruker til å trykkja sirklar i høgtrykk. Serien utgjer til no 30 slike trykk per dags dato. Trykka stiller eg ut saman med glas som inneheld pigmenta, video av innsamlinga av materiale, bilete og døme frå bygningsmassen før denne vart bearbeidd til pigment. 

Prosjektet var ein del av MOMENTUM 12 i 2023. Iversen har i ettertid henta inn fleire materiale, samt utvida kunnskap og produksjon av nye pigment og sverter.

Vel møtt!

Utstillinga er eit samarbeid med Osafestivalen.