Tusen hjartans takk for endå ei vellukka opning i samspel med Vossa Jazz! 🎷
Takk til alle som kom, til studentane frå jazzlina på Griegakademiet og læraren Magne Thormodsæter for det nydelege musikkinnslaget deira, og sist men ikkje minst eit stort takk til årets vossajazzkunstnar Ståle Gerhardsen for ei leiken og tankevekkjande utstilling! Utstillinga «My best behaviour» vil stå fram til 27. april med fylgjande opningstider:
torsdagar kl 16-18
fredagar kl 13-17
laurdagar kl 10-14
Her er nokre augneblink frå opninga:
Me gler oss allereie til neste år!