Vossajazzutstillinga 2023 – Ingrid Haukelidsæter

411FA944-C7DC-4DE9-9045-41EF760247CC

ROUND MIDNIGHT

31. mars - 22. april

Stavangerkunstnaren er kjend for fargerike, abstrakte og dynamiske måleri og grafiske trykk.
Musikk og rørsle er viktige referansar i arbeidet hennar, og ho går langt tilbake i
tid for å forklare kva rolle musikken spelar i kunsten hennar: – Då eg gjekk på Kunstskolen
i Rogaland hadde eg målaren Terry Nilssen-Love som lærar. Han var oppteken av
eksperimentell musikk, og gav oss i oppgåve å teikna ei visuell framstilling av eit
Edgard Varèse-stykke. Det var ein slags døropnar for meg: Eg høyrde at lydane hadde ulike
klangar, former og retningar – at det var rørsle der. Sjølv om eg sjeldan jobbar så konkret
med musikk no til dags, er det på ein måte desse tinga eg har jobba med sidan, seier
Haukelidsæter.
Til Vossa Jazz-plakaten har ho valt eit fritt, ope og leikent måleri, som ho føler har noko av
jazzen sin fridom og improvisasjon i seg

 

Me takkar Vinjo AS og Vossajazz for framifrå samarbeid

 

plakat Ingrid Haukelidsæter